Norge som etterretningsbase: Tryggingspolitiske dilemma

img_4916Det avgjerande spørsmålet i ein norsk samanheng under den kalde krigen og framleis i dag er om dette aukar faren for at norsk territorium i nord vil kunna bli utsett i ein spent internasjonal situasjon – og om det norske bidraget til USAs globale maktstrategiar i seg sjølv aukar den faren, sa Hallvard Tjelmeland, professor i nyere tids historie ved Universitetet i Tromsø, på etterretningskonferansen denne uka.

Her er foredraget:

Først vil eg gi ros til arrangørane for å løfta fram temaet etterretning i eit demokratisk samfunn. Dei opplyser at det er den første etterretningskonferansen i Norge, og det kan sikkert stemma. Og det er jo eit paradoks, då nettopp rolla som etterretningsbase tvillaust er det viktigaste bidraget til den militæralliansen Norge er medlem av. Og eg må innrømma for min eigen del at eg ikkje har interessert meg så veldig for etterretningshistorie, sjølv om eg er kald-krigshistorikar. Eg er ikkje aleine om det. Det er påfallande få referansar til etteretningsvesenet i oversiktsverk som handlar om den kalde krigen. Dette feltet er overlatt til spesialistar, og heller ikkje dei er det så mange av. Til dette kjem at etterretningshistorie, der teknologiske forhold speler ein avgjerande rolle, blir svært teknisk dersom ein skal gå djupt inn i det. Det er symptomatisk at internasjonalt er såkalla signal intelligence mykje mindre omtalt og utforska enn human intelligence (Andrew: 417), og det første er jo svært viktig i ein norsk sammanheng. Og så kjem sjølvsagt spørsmålet om kjeldetilgang. Det viktigaste verket som er skrive om norsk etterretningshistorie, boka «Strengt hemmelig» av Olav Riste og Arnfinn Moland», kom ut i 1997 og gjekk ikkje lengre enn til 1970, tvillaust grunngitt i hemmeleghaldomsyn, og alle som har freista å få innsyn i etterretningsvesenet sine kjelder, veit at det er omtrent umogleg.

Det har altså alltid vore knytt eit hemmeleghald til etterretning og overvaking i Norge som i andre land. Denne sektoren blir då også kalla «dei hemmelege tenestene». Den manglande interessa på faghistorisk hald står i ein skrikande kontrast til den store interessa det er for dette temaet i det alminnelege publikumet, slik det har kome til uttrykk i spionfilmar og TV-seriar, og slik det også har kome til uttrykk i stor medieinteresse for alt som har med etterretning og spionasjon å gjera. Det er såleis heller ikkje noko tilfelle at ein av dei mest omfattande arbeidet om etterretning i Norge etter boka til Riste og Moland er journalist Bård Wormdal sine bøker, ikkje minst den siste. «Spionbasen» som gir ein god oversikt over det som i dag er tilgjengeleg på feltet. Den store og breie oppslutninga om konferansen demonstrerer då også den store offentlege interessa for etterretningsvesenet.

Det er altså ingen tvil om at etterretning er viktig og at det er underutforska. Her må eg skyta inn at det er kome eit akademisk arbeid som er relevant for dagens konferanse etter boka til Moland og Riste, nemleg «Den innerste sirkel. Den militære sikkerhetstjrenesten 1945-2002, utgitt i år. Den er basert på ei doktorgradsavhandling av Hans Morten Synstnes. Den handlar rett nok mest om å tiltak for å hindra at andre statar kjem til våre militære løyndommar, men den er også inne på mange viktige aspekt som gjeld etterretning. Det er openbart at dette hemmelegstempla området reiser ein del spørsmål som gjeld politisk og demokratisk kontroll, noko Wormdal diskuterer i si bok og som også Synstnes er inne på. Militær etterretning er eit strategisk spel, der dei ulike statane ønsker å halda eigne militære forhold hemmeleg samstundes som ein vil avdekka kva andre statar pønskar på. Av mange blir nok dette oppfatta som noko som er nødvendig og som er uavhengig av den politikken statane fører i høve til andre. Men det kan ein ikkje vera sikker på. Den britiske etterretningshistorikaren Richard J. Aldrich viser i si bok «The Hidden Hand» at spenningane internt mellom ulike deler av dei hemmelege tenestene, spenningar mellom aust og vest og mellom allierte vestlege statar, særleg USA og Storbritannia levde sitt eige liv og også påverka politikken. Det er grunnen til at han skriv at «The Cold War was fought, above all, by the intelligence service» og at Secret service is fundamental to any understanding of the Cold War”. (s. 5).

Men det er ikkje slik at etterretning generelt verkar til destabilisering og auka krigsfare. Det er nok av døme på at dårleg eller utilstrekkeleg etterretning derimot har slike effektar. Manglande informasjon om sovjetiske motiv og styrkemobiliseringar var tvillaust viktig for å forstå den sterke alarmismen på slutten av 1940-talet, både i Norge og i andre vestlege land og i samband med utbrotet av Koreakrigen. Dette heng saman med det fenomenet som er blitt kalla tryggingsdilemmaet, altså at tiltak for å sikra eigen tryggleik skaper tilsvarande mottiltak – og internasjonal politikk kjem inn i ein negativ spiral. Faren for det er jo sjølvsagt større når ein er usikker på kva kapasitet motstandaren har. Mykje omtalt er også den alarmismen som bygde seg opp frå andre halvdelen av 1950-talet i USA i samband med dei innbilte forestillingane først om eit «bomber gap» og så eit «missile gap». Det siste var trulege avgjerande for utfallet av presidentvalet i 1960. Cubakrisa i 1962 er eit interessant døme på at etterretning kan slå to vegar: U2-fly avdekka at Sovjetunionen hadde bygd rakettbasar. Det gjorde at USA blokkerte øya, og i den krisa som oppstod vart det gjort eit kompromiss om at Sovjetunionen skulle fjerna rakettbasane og at USA lova å ikkje gjera ein ny invasjon og dessutan trekka tilbake sine Jupiter-rakettar i Tyrkia. Dersom dette hadde blitt oppdaga seinare, på eit tidspunkt der USA rekna med at det var atomvåpen der, kunne haukane i Kennedyadministrasjonen fått overtaket og katastrofen kunne blitt resultatet. På den andre sida: Sovjetunionen hadde faktisk rukke å utplassera nokre rakettar, som seinare vart trekt tilbake. Og hadde USA visst det på dette tidspunktet ville nok styrkebalansen forrykka seg mot dei forrykte – og vi ville kanskje ikkje ha sete her i dag. Og U2-affæren i 1960, då eit amerikansk spionfly vart skote ned over sovjetisk territorium slo umiddelbart inn i dei internasjonale relasjonane, med avlysing av toppmøtet i Paris og ein periode med anstrengt forhold mellom Norge og Sovjetunionen som resultat. At CIA lukkast å avdekka at det sovjetiske leiarskapet i 1983 faktisk frykta eit amerikansk førsteslag like mykje som det sjølv sa, var svært viktig for at Reagan la om sin konfronterande kurs. Dei store avspenningsavtalane på 1970-talet, Salt 1 og Helsinkiavtalen, bygde inn prinsippet om at partane skulle opptre ope overfor kvarandre i samband med øvingar. Det same gjeld i dei nye avtalane med Russland på 1990-talet.

Så etterretning kan slå begge vegar. «Intelligence operations served, in different ways, both to stabilise and to destabilise the Cold War», skriv nestoren på feltet, Christopher Andrews (s. 420). Signaletterretning og luftovervaking kan etter Andrew sitt syn knyttast til stabiliering, mens det som blir kalla «covert action», undergravingsaktivitetar, verka i motsett retning (422 f). Det vil truleg likevel vera rett å seia at ei verd utan etterretning, der altså stormaktene ikkje kan kikka kvarandre i korta, truleg ville vera ei farlegare verd – særleg i ein periode med ei todeling i verdspolitikken som under den kalde krigen, men truleg også i vår tid med aukande spenningsnivå. Eit slikt resonnement er bygd på at ein viss grad av transparens kan hindra alarmisme, ein spiral av aukande mistru og fare for overreaksjonar og krig ved uhell i ei tid med terrorbalanse. Ein parallell til ein slik tenkemåte er strategiar for å ha opne bakkanalar, slik som Norge prøvde seg på nyåret 1958 i eit initiativ for å etablera eit toppmøte mellom dei to statssjefane Khrusjtsjov og Eisenhower. Av ulike grunnar lukkast ikkje det, men vi kjenner jo mange døme på at det har gitt diplomatiske gjennombrot – slik som i tilhøvet mellom Kina og USA først på 1970-talet. Ein annan variant av ein slik uformell informasjonsutveksling som har transparens og tillitsbygging som føremål er ulike variantar av personleg diplomati, at einskildpersonar fungerer som mellommenn – slik som det er mange norske døme på, slik som Andreas Andersen, for øvrig i mange år leiar for det såkalla Koordineringsutvalet, instansen som skulle koordinera tryggingstenesta, den mangeårige leiaren av utanrikskomiteen, Finn Moe og Johan Jørgen Holst, direktøren på Nupi i tida mellom han var statssekretær i forsvarsdepartementet og forsvarsminister på 1980-talet.

Spørsmålet om korleis ein skal vurdera betydninga av militær etterretning er altså samansett og vanskeleg. Etterretning kan bidra til å skapa større transparens og avverga alarmisme og overilte tiltak. Etterretning kan også i seg sjølv bidra til å skapa mistru og oppskrudde fiendebilete. Etterretningsverksemda kan bli oppfatta både som defensiv i sin karakter og som offensiv. Til dette kjem at dette er ein sektor som driv med sitt utanfor det offentlege sitt søkelys, med dei problem det representerer. Eg vil bruka resten av mitt foredrag på forholdet mellom politikk og etterretning, med eit dobbelt utgangspunkt: Eg vil for det første argumentera for at det blir misvisande å snakka om ein grunnleggjande kontinuitet i dette forholdet frå den kalde krigen og fram til dag, og for det andre korleis motparten, i vårt tilfelle Sovjetunionen og Russland, oppfattar norsk etterretning i ein større politisk samanheng er det sentrale.

Dersom vi tar utgangspunkt i Rolf Tamnes sitt omgrepspar «integrasjon» og «avskjerming», der integrasjon gjeld vilkårslaus tilpassing til Natos strategi og avskjerming gjeld dei tiltaka Norge sette i verk som ein del av nasjonal lågspenningspolitikk overfor Sovjetunionen, seinare dagens Russland, kan det sjå ut som om dei som er opptekne av Norge som etterretningsbase ser dette einsidig ut frå eit integrasjonsperspektiv. Og det var det tvillaust. Men anten ein er kritisk til den rolla Norge har spelt som spionbase, eller positiv, ser det ut som om dette er heile perspektivet på dette – og at det er ein lang kontinuitet på dette området. Kritikarane snakka gjerne under den kalde krigen om Norge som USAs 51. stat, tilhengjarane framheva Norge sin betydning for alliansen på dette området og uttalte seg om restriksjonar på natomedlemskapet med irritasjon. Det er to ting eg vil framheva i denne samanhengen: For det første at det i alle høve var ein intensjon frå norske sentrale statsleiar å hevda prinsippet om nasjonal kontroll over infrastrukturen knytt til etterretning, samstundes som ein var klar over at det var her Norge hadde sin største verdi som alliert. Stasjonane var bemanna av norsk personell, i prinsippet skulle materiale frå dei norskelytte- og peilestasjonane gå gjennom ein analyse på norsk side før dei gjekk til allierte, først og fremst til amerikanarane som betalte gildet. Det var bakgrunnen for at Norge bygde opp ein kompetanse på signalanalyse, ein kompetanse som også hadde røtter i andre verdskrig. Dette vart forsterka på 1990-talet. Det norske etterretningsmaterialet skulle ikkje gå ufiltrert til amerikanarane. Det kan diskuterast kor reell denne kontrollen og om kapasiteten var stor nok til å fordøya alt som kom inn, men det var prinsippet bak det. Det er sjølvsagt eit poeng at eit nasjonalt kontrollert etterretningsvesen kan bidra til at allierte makter ikkje tar seg til rette på eiga hand, noko som tvillaust vil vera ein destabiliserande faktor. Og så er det jo sjølvsagt ein diskusjon om kor reell denne kontrollen er.

Det var eit stadig alliert press for å tøya grenser og utfordra dei norske sjølvpålagte restriksjonane. Politikken for ein nasjonal kontroll vart styrka frå 1957 og framover. Eit springande punkt var om etterretningsstasjonane kunne bli oppfatta som i strid med den norske basepolitikken. I ein diskusjon i Regjeringas sikkerhetsutvalg om forslag frå amerikanarane om forsterka utbygging i 1964 uttalte statsminister Gerhardsen benektande på ei spørsmål frå handelsminister Trygve Lie om stasjonane kunne definerast som basar: «»personellet var norsk, og virksomheten var av rent defensiv karakter. Den tok devis sikte på en kontrollvirksomhet som skulle bidra til avspenning» (M/R s, 294. Spørsmålet om nasjonal kontroll var det som gjorde dei norske reaksjonane så sterke då det amerikanske U2-flyet vart skote ned over sovjetisk territorium i april 1960 på veg frå Pakistan til Bodø.

Det springande punktet i ein nasjonal tryggingspolitisk samanheng er om etterretninga har bidratt og bidrar til stabilisering av relasjonane mellom aust og vest generelt og mellom Norge og Russland spesielt. Og for å vurdera dette er det avgjerande korleis ein vurderer trusselbiletet på tidlegare sovjetisk, nå russisk side. Også her kan det vera nyttig med eit historisk tilbakeblikk. Det er klart at styrkeoppbygginga på Kola frå 1950-talet og særleg 1960-talet av må sjåast i ein større geopolitisk samanheng, i lys av den globale styrkekampen mellom supermaktene under den kalde krigen og også i lys av stormaktsrivalisering i dag, då Russland prøver å reisa seg som stormakt. Det avgjerande spørsmålet i ein norsk samanheng under den kalde krigen og framleis i dag er om dette aukar faren for at norsk territorium i nord vil kunna bli utsett i ein spent internasjonal situasjon – og om det norske bidraget til USAs globale maktstrategiar i seg sjølv aukar den faren. For å vurdera desse spørsmåla kan ein ikkje sjå Norges rolle som etterretningsbase uavhengig av andre politikkfelt, som utanrikspolitikken, forsvarspolitikken og tryggingspolitikken. Det er summen av dette som er avgjerande for korleis vår nabo i aust oppfattar Norge. Og dette har vore forstått av norske regjeringar av ulik farge gjennom heile etterkrigstida.

Dette handlar sjølvsagt om den norske lågspenningspolitikken i nord, ein politikk som spring direkte ut av erfaringane med andre verdskrigen. Under krigen lente Norge seg lenge på utanriksminister Trygve Lies såkalla Atlanterhavspolitikk. Men våren 1944 innsåg Londonregjeringa at Norge ville bli ståande aleine med Sovjetunionen i nord; dei allierte prioriterte eit kontinentalt angrep. Som den einaste eksilregjeringa ved sida av den tsjekkiske gjekk difor Norge inn på ein separat frigjeringavtale med Sovjetunionen. Det var byrjinga på den såkalla norske brubyggingspolitikken, ein politikk som var basert på at naboskapet med Sovjetuninen var geopolitisk lagnad og at det var nødvendig å balansera eit godt forhold til dei vestlege stormaktene med eit mest mogleg avspent forhold til den austlege stormakta. Denne norske politikken vart vidareført også inn i Nato, med dei velkjende norske sjølvpålagte begrensningane. Den viktigaste av desse er den norske baseerklæringa, som kom alt før Norge tiltrådte Atlanterhavspakta i april 1949. Baseerklæringa går etter mitt syn til kjerna av det som var viktig for Sovjetunionen – og Russland i dag: Hindra at fiendar eller rivalar i det internasjonale systemet etablerer basar på norsk jord som springbrett for åtak austover. Alle dei norske sjølvpålagte restriksjonane, i tillegg til baseerklæringa, var basert på å hindra at ei slik frykt skulle oppstå: Restriksjonar på flyaktivitetar og natoøvingar i Finnmark, atomvåpenerklæringa, den såkalla Brattelidoktrinen.

Og då er vi komne tilbake til spørsmålet om kontinuitet eller ikkje. Eg har hevda her at dei som arbeider på dette feltet har hatt ein underliggjande tese om ein grunnleggjande kontinuitet knytt til Norge som etterretningsbase, anten ein har hatt ei kritisk eller ei ukritisk haldning til dette. Ut frå det eg nå har strekt opp, framstår det ikkje heilt slik. Fram til oppløysinga av den kalde krigen var den norske politikken slik eg har skissert, med eit visst unnatak for den første Willochregjeringa 1981-83. Etter Sovjetunionens oppløysing har dei norske sjølvpålagte restriksjonane gradvis blitt utvatna, mens ein på den andre sida bygde opp Barentsregionen og Arktisk råd som eit nytt, transnasjonalt reiskap for tillitsbygging i nordområda. Den aktive politikken for tillitsbygging og lågspenning i nord, særleg med introduksjonen av den nye nordområdepolitikken etter 2005, med den nye grenseavtalen av 2011 som toppen av kransekaka, har likevel gjort at brubygging aldri har vore meir framherskande. Men det ser ut som om det kan koma eit brot med dette i kjølvatnet av Ukrainakrisa. Det kan sjå ut som om den nye forsvarspolitikken som teiknar seg einsidig vektlegg avskrekkingsaspektet i norsk tryggingspolitikk. Eit uttrykk for dette, som ein på russisk side heilt sikkert har merka seg, er nedbygginga av forsvaret i nord. Etter mi meining er ikkje problemet med dette at det opnar opp for isolert russisk hybridkrig eller andre former for russisk åtak, det som skjer i Ukrainia har ikkje overføringsverdi til nordområda, men at Norge med dette signaliserer at det nordlege Norge ligg ope som eit slags ingenmannsland – og at det då kan skje som russarane fryktar mest av alt, at USA etablerer seg her når det blir oppfatta som militært nødvendig. Og det er ein destabiliserande tanke, og i ein slik samanheng kjem også Norge som etterretningssbase i eit nytt og meir negativt lys, også på russisk side.

Eg har i dette foredraget argumentert for at etterretning kan verka både stabiliserande og destabiliserande. Eg har også argumentert for at destabiliserande effektar, i vårt tilfelle når det gjeld relasjonen til Russland, kan bli motverka politisk ved ein langsiktig tillitsbygging kombinert med at Norge viser vilje til nasjonal kontroll og halda eit breiddeforsvar i nord. Dette har vore tilstrekkeleg til å halda nordområda som eit relativt avspent område både gjennom kald krig og i tida etter den kalde krigen. Samstundes er det også slik at etterretning kan vera ein sjølvstendig faktor i spenningsoppbygging. Bård Wormdal skal ha ros for å setja søkelyset på slike faktorar, slik som måten spionskipet Marjatta blir disponert på og spørsmålet om Norge bidrar til utbygginga av amerikansk våpenskjold. Om slike spørsmål må det kunne vera offentleg debatt. Og eg håper denne konferansen kan bidra til det.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s